Cristin-resultat-ID: 847780
Sist endret: 18. oktober 2016, 11:19
Resultat
Vitenskapelig foredrag
2011

Materialkvalitet i kortaket på Værnes Kyrkje

Bidragsytere:
  • Roald Renmælmo

Presentasjon

Navn på arrangementet: Bygningsarkeologi – mål og mening Nordisk konferanse for bygningsarkeologi 2011
Sted: Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo, Maridalsveien 29, 017
Dato fra: 30. september 2011
Dato til: 2. oktober 2011

Arrangør:

Arrangørnavn: Nordisk forum for bygningsarkeologi

Om resultatet

Vitenskapelig foredrag
Publiseringsår: 2011

Beskrivelse Beskrivelse

Tittel

Materialkvalitet i kortaket på Værnes Kyrkje

Sammendrag

I samband med restaureringa av Værnes kyrkje i 2010 vart eg blitt spurt om å vere med i ei ekspertgruppe som skulle vurdere ulike sider av takkonstruksjon og tekking på kyrkja. Kyrkja har truleg noko av dei eldste originale trematerialane som finnast i ståande bygg i dag i Noreg. Nokre av sperrene i kortaket er frå år 1141. Materialkvalitet i kortaket på Værnes Kyrkje Materialkvalitet er ikkje nokon fast og etablert standard. Materialen som vert brukt til ulike delar av ei bygning har ulike krav til eigenskapar. Ein syllstokk som står eksponert for fukt frå bakken og regn bør ha ved som ikkje trekk til seg og held på slik fukt. Veden bør også ha motstandskraft mot råte. Elles må stokken halde den dimensjonen som trengs for å fylle opp mot neste stokk eller stav. Stokken kan ha både store kvistar, krok, tennar og andre «feil» utan at det gjer noko for funksjonen han har. Vi har undersøkt materialane til sperrer og takbord. Sperrene har krav til stor styrke, dei skal vere rette, lita avsmalning og riktig dimensjon. Dei bør også vere lette å forme med øks til rett form. Takborda bør ha god kløyv slik at ein lettast mogleg får kløyvd og hogd dei til rett dimensjon. Dei bør ikkje ha så stor kvist at dei blir utette. Stokkane bør vere beine og med lite avsmalning for at tekkinga skal gå lettast mogleg med dei ferdig hogne borda. Veden bør også vere slik at det er lettast mogleg å hogge borda slette og med fine flater. Praktiske målingar Vi har gjort målingar av det som har vore synleg og tilgjengeleg utan å gjere fysiske inngrep i materialane. Eg har fått disponere dendroprøvar av ein del av sperrene. Eg har fått tatt ut eit stykke av ei sperre som var råteskadd. Dette stykket har eg fått undersøkt for å seie noko om densitet. I prøvestykket var det også eit navarhol som kunne undersøkjast frå innsida. Eg har undersøkje kor rette stokkane har vore før hogging. Eg har målt dimensjonane borda og sperrene er hogd til og kor mykje nedbøygd dei er. Eg har målt dimensjonar i rot og toppende av materialane for å få eit inntrykk av kor stor avsmaling det har vore på tømmeret. Eg har også vurdert avstand mellom kvistkransar for å få eit inntrykk av bonitet. Eg har målt diameter på kvist. Det er også vurdert retning på fibrane i veden der det har vore synleg. Kva kan målingane fortelje oss om materialane i ein slik konstruksjon? Som tømrar får ein i dag materialen levert frå ein materialhandel eller eit sagbruk. Denne er produsert ut frå dei rammene som dagens skogbruk og teknologi tillet. Vi har utvikla ein forståelse for kvalitet ut frå dette. Materialet i taket på Værnes passar ikkje inn i ein slik tankegang. Ein har for det første vore gode til å leite gode furutre i skogen. For det andre har ein tatt ut det beste tenkjelege stykket, til bruksområdet, frå det aktuelle treet. Truleg har ein også hatt ein framgangsmåte for oppdeling av matarialane som har gjort at ein har kunna ta ut optimal kvalitet. Dette har stor betydning for eigenskapane til dei ferdige materialane. Vi må legge andre kriterier til grunn for å vurdere materiale i historiske takkonstruksjonar enn det vi har innan dagens skobruk og treforedlingsindustri.

Bidragsytere

Roald Renmælmo

  • Tilknyttet:
    Forfatter
    ved Institutt for arkitektur og teknologi ved Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet
1 - 1 av 1