Cristin-resultat-ID: 926033
Sist endret: 31. mai 2017, 08:18
Resultat
Vitenskapelig foredrag
2012

Nettførelesingar. Lærarutdanning i det virtuelle klasserommet

Bidragsytere:
  • Kirsten Limstrand
  • Kåre Sigvald Fuglseth og
  • May-Britt Waale

Presentasjon

Navn på arrangementet: FOU i PRAKSIS
Sted: Trondheim
Dato fra: 23. april 2012
Dato til: 24. april 2012

Arrangør:

Arrangørnavn: Høgskolen i Sør-Trøndelag/ Dronning Mauds Minne

Om resultatet

Vitenskapelig foredrag
Publiseringsår: 2012

Beskrivelse Beskrivelse

Tittel

Nettførelesingar. Lærarutdanning i det virtuelle klasserommet

Sammendrag

Presentasjonstype: Selvorganisert symposium Nøkkelord: Klasseromforsking Tittel på presentasjon: Nettførelesingar. Lærarutdanning i det virtuelle klasserommet. Problemstilling, fokus og formål med presentasjonen: Symposiet skal presentere og diskutere studiar av nettførelesingar ved Universitetet i Nordland (GLU og PPU). I desse førelesingar kombinerer ein videoopptak av førelesar og ein skriftleg presentasjon (PowerPoint o.l.). Studiet er eit prosjekt innanfor verksemda til ei forskargruppe ved UiN som brukar videoopptak av klasseromsituasjonar og analyserer den sosiale interaksjonen og meiningskonstitusjonen i desse. Denne metodikken kallast videografi (Knoblauch 2006, 2008, 2009), og vi overfører i dette nettførelesingsprosjektet det videografiske grepet til studiet av det nettbaserte klasserommet. Metoder og teori/materiale som blir brukt: Videoanalyse og nettførelesingar, videografi, undersøkjande tolkingsfellesskap. Diskusjon: Studia våre viser at meining blir konstituert performativt, mediert i eit samspel mellom presentør, presentasjon og den (for presentøren) usynlege adressaten. I andre presentasjonar, i andlet-til-andlet-situasjonar, finn vi det same samspelet, men då er adressaten synleg til stades. I denne samanhengen vil vi mellom anna sjå nærare på ulike konstituerande for denne undervisningssituasjonen og såleis av tolkinga av han. Dette er ein analyse som ein må gjere før ein kan kome med forslag til ev. forbetringar av denne type undervisning. Vil skal trekkje fram det performative samspelet på tre ulike måtar og med tre meir overordna problemstillingar med omsyn til kva faktorar som konstituerer meining i desse presentasjonane på nett: 1. Førelesingar i det virtuelle klasserommet, faget som faktor (May-Britt Waale), 2. Førelesingar i det virtuelle klasserommet, ulike metodiske grep som faktor (Kirsten Limstrand), og 3. Førelesingar i det virtuelle klasserommet, peiking som faktor (Kåre Fuglseth). Perspektivet, teorien, metoden og arbeidsmåten vert introdusert kort først (Kåre Fuglseth). Litteratur: Knoblauch, H., B. Schnettler, et al. (2006). Video analysis. Methodology and methods. Qualitative audiovisual data analysis in sociology Frankfurt am Main, Peter Lang. Knoblauch, H. (2008). "Videografi. Å tolke samhandling i kontekst." Sosiologi i dag 38(2): 7–24. Knoblauch, H. (2008). "The performance of knowledge. Pointing and knowledge in powerpoint presentations." Cultural Sociology 2(1): 75–97.

Bidragsytere

Kirsten Limstrand

  • Tilknyttet:
    Forfatter
    ved Fakultet for samfunnsvitenskap ved Nord universitet
Aktiv cristin-person

Kåre Sigvald Fuglseth

  • Tilknyttet:
    Forfatter
    ved Fakultet for lærerutdanning og kunst- og kulturfag ved Nord universitet

May-Britt Waale

  • Tilknyttet:
    Forfatter
    ved Fakultet for biovitenskap og akvakultur ved Nord universitet
1 - 3 av 3