Cristin-prosjekt-ID: 2500402
Sist endret: 14. januar 2021 08:58

Cristin-prosjekt-ID: 2500402
Sist endret: 14. januar 2021 08:58
Prosjekt

Telefon triage og rådgjeving i legevaktsentral- i normale tider og under ein pandemi

prosjektleder

Vivian Midtbø
ved NORCE Helse - Legevaktmedisin ved NORCE Norwegian Research Centre AS

prosjekteier / koordinerende forskningsansvarlig enhet

  • NORCE Helse - Legevaktmedisin ved NORCE Norwegian Research Centre AS

Kategorier

Prosjektkategori

  • Doktorgradsprosjekt

Kontaktinformasjon

Telefon
+47 56 10 72 60
Sted
Vivian Midtbø

Tidsramme

Aktivt
Start: 1. januar 2017 Slutt: 31. desember 2023

Beskrivelse Beskrivelse

Tittel

Telefon triage og rådgjeving i legevaktsentral- i normale tider og under ein pandemi

Vitenskapelig sammendrag

Dei siste tiåra har legevaktsentralane fått ei stadig større rolle i legevakttenesta. Mange legevaktsentralar dekker større geografiske område enn tidlegare, og det har blitt meir fokus på kompetanse og fagutvikling for operatørane som bemannar sentralane. Telefonkontakt er den anbefalte måten å kontakte legevakta på og rundt 80% av legevaktkontaktane i Noreg skjer via telefon først.

Operatørane som bemannar sentralane triagerer pasientane i forhold til kor mykje det hastar og kva som er det beste tiltaket for å hjelpe pasienten. Ofte er det tilstrekkeleg med rådgjeving over telefon og dette er ein viktig del av tenesta, både som god service til pasientane og som ein del av pasienthandteringa i legevakttenesta.   

I dette prosjektet vil vi studere legevaktsentralen si rolle og korleis operatørane i sentralane bidrar til pasienthandtering i tenesta. Prosjektet består av tre delstudier:

Delstudie 1: kva kontakttypar, klassifisert ved hjelp av ICPC-2 kodar, blir oftast avslutta med telefonråd av sjukepleiar i legevaktsentralen? Vi vil og undersøke korleis faktorar som alder, kjønn, tid på døgnet og hastegrad, påverkar hyppigheita av kontaktar som er avslutta med sjukepleiarråd.

Delstudie 2: Er det mogeleg å endre korleis befolkninga tek kontakt med legevakttenesta, frå direkte oppmøte til å ringe først? Korleis påverkar denne endringa i kontaktmønsteret aktiviteten i legevakta?

Delstudie 3: Korleis påverka covid-19 pandemien aktiviteten i legevaktsentralane? Vi vil beskrive pasientkontaktar til vakttårnlegevaktene under covid-19 pandemien, korleis kontaktane vart handtert og korleis forskjelleg handtering av pandemien i ulike kommunar påverka aktiviteten i legevaktsentralen. Delstudie 3 er ein del av det større prosjektet “COVID-19 utbrudd i Norge- Epidemiologi, bruk av helsetjenester og håndtering i primærhelsetjenesten – CONOPRI”.

Data frå Vakttårnprosjektet blir brukt i alle delstudiane.

Vivian Midtbø er Ph.D. kandidat, Steinar Hunskår er hovedveileder og Ingrid Hjulstad Johansen medveileder.

Resultat:

Resultata frå delstudie 1 vart publisert i BMC Family Practice i september 2017.

Hovudfunn: 23% av alle registrerte telefonkontaktar til vakttårnlegevaktene i 2014 vart avslutta med sjukepleiarråd.  Feber, magesmerter, hoste, øyresmerter og generelle symptom var kontaktårsakene som oftast vart handtert med sjukepleiarråd. Kontaktar på vegne av dei yngste pasientane vart oftare handtert med sjukepleiarråd enn kontaktar frå dei eldste pasientane og andelen sjukepleiarråd var høgre på natt i forhold til på dag og kveld.  

 

Tittel

Telephone triage and counselling in Norwegian local emergency communication centres – during normal times and during a pandemic

prosjektdeltakere

prosjektleder

Vivian Midtbø

  • Tilknyttet:
    Prosjektleder
    ved NORCE Helse - Legevaktmedisin ved NORCE Norwegian Research Centre AS

Ingrid Hjulstad Johansen

  • Tilknyttet:
    Prosjektdeltaker
    ved NORCE Helse - Legevaktmedisin ved NORCE Norwegian Research Centre AS

Steinar Hunskår

  • Tilknyttet:
    Prosjektdeltaker
    ved NORCE Helse - Legevaktmedisin ved NORCE Norwegian Research Centre AS
1 - 3 av 3

Resultater Resultater

Telephone counselling by nurses in Norwegian primary care out-of-hours services: a cross-sectional study.

Midtbø, Vivian; Raknes, Guttorm; Hunskaar, Steinar. 2017, BMC Family Practice. NORCE, UNN, DIVNORSK, UIBVitenskapelig artikkel
1 - 1 av 1