Internett smeltar saman produksjon, produkt og tenester. Morgondagens kapital er ny teknologi og nye datakjelder og evna til å sortere, systematisere og reagere på data. Med dette blir nye forretningsmodellar til, og det oppstår nye produkt, tenester og verdikjeder. Næringslivet er i omstilling, og midt i ein revolusjon. Kapasitet til å forstå den nye industrielle revolusjonen vil vere avgjerande for å overleve. Kapasitet til å delta i utviklinga vil vere avgjerande for å vekse.
Den fjerde industrielle revolusjonen, Industri 4.0, handlar om korleis ein kan digitalisere, automatisere eller robotisere dagens produksjonsprosessar og tenesteytingar. Revolusjonen handlar òg om korleis nye forretningsmodellar og verdikjeder kan oppstå som følgje av ny teknologi og tilgang på nye data – stordata (Big Data). Meir skreddarsydde produkt i ein meir fleksibel produksjon og i mindre seriar blir mogleg, og nye automatiserte tenester kan oppstå.
Teknoløft Sogn og Fjordane skal bygge næringsretta kapasitet og kompetanse innan digitalisering, automatisering, robotikk og stordata ved Høgskulen på Vestlandet og Vestlandsforsking. Dette gjer vi gjennom å utdanne doktorgradskandidatar og forske i samarbeid med næringslivet. Det seksårige prosjektet skal auke bruken av forsking for innovasjon i næringslivet. Særleg skal prosjektet legge til rette meir fleksibel automatisering av prosessar og tenester med robotar, og betre utnytting av stordata til innovasjon og omstilling.
Satsinga skal auke tilgangen på relevant og kompetent arbeidskraft for næringslivet, og utvikle nye utdanningar: etter- og vidareutdanningstilbod, og ein master i robotikk og digitalisering. Ein stor del av prosjektet går ut på å dele kunnskap, problemstillingar og kompetanse mellom fou-miljø og næringsliv, og sørgje for brubygging til nasjonale og internasjonale forskingsmiljø.