Cristin-resultat-ID: 2210589
Sist endret: 22. april 2024, 08:33
NVI-rapporteringsår: 2023
Resultat
Vitenskapelig artikkel
2023

Uformelle tilleggstenester og fråverande politisk interesserepresentasjon? Frivillige organisasjonar sine relasjonar til kommunar innan helse- og omsorg i Noreg

Bidragsytere:
  • Ivar Eimhjellen

Tidsskrift

Tidsskrift for velferdsforskning
ISSN 0809-2052
e-ISSN 2464-3076
NVI-nivå 1

Om resultatet

Vitenskapelig artikkel
Publiseringsår: 2023
Publisert online: 2023
Volum: 26
Hefte: 4
Open Access

Beskrivelse Beskrivelse

Tittel

Uformelle tilleggstenester og fråverande politisk interesserepresentasjon? Frivillige organisasjonar sine relasjonar til kommunar innan helse- og omsorg i Noreg

Sammendrag

Frivillige organisasjonar er hevda å kunne bidra i velferdsproduksjon på måtar offentlege og kommersielle aktørar ikkje kan. Overordna kan ein skilje mellom bidrag i form av politisk interesserepresentasjon i utviklinga av velferdstenester og i form av sjølve produksjonen av velferdstenester. Med utgangspunkt i manglande kunnskap om utbreiing av dei to ulike typane velferdsbidrag frå frivillige organisasjonar i Noreg drøftar og undersøker eg empirisk i denne artikkelen i kva grad frivillige organisasjonar innan helse- og omsorgsfeltet har relasjonar til kommunar som omhandlar tenesteproduksjon og politisk interessepresentasjon, i kva grad relasjonar er formaliserte og institusjonaliserte, og kven som har definisjonsmakt og styringskontroll i relasjonane. Kvantitative analyser av data frå ei spørjeundersøking blant 465 frivillige helse- og omsorgsorganisasjonar syner her at organisasjonar sine relasjonar til kommunar i relativt stor grad handlar om formell interesserepresentasjon og til ein viss grad om samarbeid om kommunal tenesteyting, men er dominert av mindre institusjonalisert enkeltsakssamarbeid. Det ligg her eit potensial til å betre dra nytte av frivillig sektor sine særbidrag i utviklinga av og i produksjonen av velferdstenester i Noreg. For å få til dette kan ei forbetring av dei grunnleggande rammevilkåra for frivillige organisasjonar innan helse og omsorg vere ein viktig faktor.

Bidragsytere

Ivar Eimhjellen

  • Tilknyttet:
    Forfatter
    ved NORCE Helse og samfunn ved NORCE Norwegian Research Centre AS
1 - 1 av 1